Bli med på seminar i Italia!

, skrevet av Marie Jahren Fludal

Har du lyst til å vere med på eit europeisk fellesprosjekt i regi av Active – Sobriety, Peace and Friendship, den europeiske paraplyorganisasjonen til Juvente?

Det kommande halvåret skal ungdommar frå rundt omkring i Europa samarbeide om eit prosjekt som tar for seg flyktningar sitt møte med vestleg alkoholkultur. Prosjektet heiter Lifting Each Other Up.

Mange flyktningar kjem frå land der alkohol er forbode, og det byr på utfordringar å møte den vestlege alkoholkulturen. Det ser ut til at overstadig drikking og medfølgande problem som meir vald, er aukande problem.

Dersom du er interessert i ei veke med arbeidsseminar og kurs om dette, er du velkommen til å søke om deltakarplass! Staden er Veneto i Italia og tida er 17.–23. oktober. Det blir: utveksling av erfaringar og kunnskap om flyktningkrisa for å forstå dette betre ut frå eit menneskerett- og edruskapsperspektiv, læring om korleis nye kulturar og situasjonar gjer flyktningar sårbare når det gjeld alkohol, og dessutan skal vi prøve å finne ut korleis vi som organisasjonar kan påverke utviklinga.

Juvente har fire deltakarplassar, og du kan få ein av dei! Du må vere mellom 16 og 22 år gammal. Active dekker mat, opphald, aktivitetar og delvis reise. Meir info kjem etter kvart. Har du spørsmål? Er du interessert? Vil du søke? Send ein e-post til marie@juvente.no og skriv litt om deg sjølv og kvifor du vil delta!