Låtskriver

Låtskrivarkurs

Dato: 25.03.17 - 26.03.17
Sted: Sobra Scene (Korsegata 6, Ålesund)
Arrangør: Juvente Sunnmøre
Kontaktperson: Mari Longva Haram (95827518)

Lyst til å skrive låtar? Veit berre ikkje korleis du skal kome i gang? Eller kome vidare?

På låtskrivarkurset vårt i samarbeid med DNT- Edru livsstil Molde lærer du dei viktigaste verktøya for å skrive ei låt folk legg merke til: ulike typer refreng, oppbygging av vers, akkordprogresjoner, basslinjer, rytmikk, tekststruktur etc.

Gjer obs på at kurset ikkje inkluderar overnatting. På laurdag vil kurset vare frå kl 11:00 til 19:00, og på søndag vil det vare frå kl 12:00 til 19:00.

Kurset kostar 100 kr for medlem av Juvente, og 300 kr for ikkje-medlem. Vil du ha lunsj og middag, kostar dette 60 kr per dag.

Kursinstruktør Åsmund Kleivenes har hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo og etterutdanning i Cubase og låtskriving frå Berklee College of Music.

Du bør kunne dei mest grunnleggande akkordane på gitar eller piano for å delta. Eventuelt kan du samarbeide med ein som kan spele litt.

For å melde deg på sender du ein mail til sunnmore@juvente.no