Nettnytt

, skrevet av Juvente

– Innan kort tid, seinast innan Fristil-leiarskuleringa i september, vil dei nye eksterne nettsidene til Juvente vere oppe og gå, fortel Stian Seland, sivilarbeidar og nettansvarleg i Juvente.

Dei nye nettsidene vil ha ein sterkare deling mellom eksterne nettsider og medlemsnett. – Ikkje lenge etter at dei nye eksterne sidene er ferdige, vil det nye medlemsnettet kome. Inntil då vil dei gamle nettsidene fungere som medlemsnett.

For å feire at dei nye nettsidene snart er her, har arbeidsgruppa for nettsider gitt dei gamle nettsidene ei lita ansiktsløfting. – Me i arbeidsgruppa gler oss veldig. I tillegg vil Fristil snart få nye nettsider, i tillegg til at Kolon snart òg er på nett igjen.

Har du spørsmål om dei nye nettsiden kan du leggje igjen ein kommentar under, eller sende eit straumbrev til stian.seland@juvente.no.