Nye eksterne nettsider

, skrevet av Juvente

Ei arbeidsgruppe oppnemnt av forbundsstyret har det siste året arbeida intensivt med nye nettsider, som er noko som har vore diskutert i mange år. Dei nye nettsidene vil ha ein mykje tydelegare og betre deling mellom ein ekstern del, retta mot folk som ikkje kjenner Juvente og som vil lære meir om oss, og det nye medlemsnettet, som vil vere der Juventemedlemer kan kommunisere saman på ein god måte.

– Stort skritt
Martin Strand i forbundsstyret og leiar av arbeidsgruppa er veldig nøgd med det som har vorte lansert i dag: – I dag har me godt eit stort skritt i retning av å få ei god og funksjonell nettsider, seier han, som innrøymer at han gler seg til nytt medlemsnett òg er på plass. Inntil det nye medlemsnettet er på plass, vil dei gamle nettsidene fungere som medlemsnett. Ein reknar med at alt av nytt vil vere på plass innan kort tid.

Spørsmål eller kommentarar?
I løpet av dei neste dagane vil nettsidene verte fylt opp med meir spennande innhald. Dagleg leiar Kjetil Vesteraas er ansvarleg redaktør for nye Juvente.no og Stian Seland, informasjonssekretær på forbundskontoret, er den som har det daglege redaktøransvaret og er ansvarleg for teknisk drift. Han er personen ein skal kontakte om ein vil ha noko publisert på nettsidene, eller dersom ein har spørsmål eller kommentarar. Inntil medlemsnettet er på plass må ein ta kontakt med Stian på red@juvente.no for å få tilgang til publisere aktivitetar i aktivitetsoversikta.