Har du ikkje meldt deg på enno?

, skrevet av Juvente

Ellemelle er 25.-31. juli og skal vere på Strandheim leirstad ved Nærsnestangen utanfor Oslo. Leirsjef Stian Seland lover ei super veke: – Eg gler meg til ei veke full av kule juventarar, spennande aktivitetar, artig program og ikkje minst flott ver, som han påstår er bestilt for høvet. Stian kan fortelje at arrangørnemnda i vekene framover vil avsløre meir av programmet til Ellemelle.

Meld deg på!
Til no har meir enn 60 meldt seg på, og har du ikkje gjort det enno, bør du gjere det snart: – Akkurat no er alle inneplassane fullbooka, so dersom du vil sove inne må du forte deg og melde deg på so du kjem på ventelista, seier Stian. – Men det er ingen grunn til uroe deg for at du blir sovande åleine. Får du ikkje inneplass so kan du velje å sove i hotelt. På den måten slipp du å ha med deg eiget telt.

Stab søkjast
Arrangørnemnda er berre ikkje på jakt etter deltakarar: – Me treng folk til staben, det er dei som er ansvarlege for at alt går “smooth” under leirveka, fortel Stian. Han seier at dei vil prioritere stabssøknader frå arrangørkretsane OAØ og Agder, men at alle kan søkje. – Skriv kort om erfaringa di og motivasjon for å vere stab, so kan det vere akkurat du får vere med og arrangere sumarens vakraste eventyr!

Meir informasjon
For mer informasjon om Ellemelle og påmeldingsskjema, klikk her.
For innsending av stabssøknad, send ein e-post til ellemelle@juvente.no.