Resolusjon: Oljefondet ut av alkoholindustrien

, skrevet av Juvente

Statens pensjonsfond utland forvaltar store verdiar, og det er viktig for mange nordmenn at pensjonspengane deira vert investert på ein etisk forsvarleg måte. Det er grunnen til at fondet har eit eige etikkråd, og at det har dukka opp initiativ til å trekke investeringar gjort i til dømes kolindustrien og andre fossile brensel.

Juvente meiner at ein må vurdera å trekka oljepengar ut av investeringar gjort i alkoholindustrien, grunna dei store folkehelseproblema som skuldast alkoholbruk og aggressiv lobby- og reklameverksemd frå alkoholselskapa i mange delar av verda. Etikkrådet er ikkje framand for å lata folkehelse styre avgjerder om utestenging, og har tidlegare stengd ute selskap som produserar tobakk.

Fondet er anerkjend som ein ansvarleg aktør i den internasjonale investeringsverda og har difor stor påverknadskraft. Etikkrådet må difor laga gode grunngjevingar for å stengja ute aktuelle selskap, slik at fondet ivaretek integriteten og ikkje vert skulda for å driva politikk, og for at signaleffekten skal verta best mogleg.

Vedteke på Juventes landsmøte,
15. – 17. juli 2014

Foto/illustrasjon: Harald Groven. Hentet på Flickr. Lisensiert under CC BY-SA 2.0