Vil du bli EVS-voluntør for Active?

, skrevet av Øyvind Kind Robertsen

Har du lyst til å vere med på eit europeisk fellesprosjekt i regi av Active – Sobriety, Peace and Friendship, den europeiske paraplyorganisasjonen til Juvente?

Du vil jobbe på kontoret i Stockholm. Arbeidsoppgåver vil vere m.a. å førebu seminar, planegge, koordinere og skrive prosjekt, administrasjon, møte og støtte medlemsorganisasjonane til Active, lære meir om alkoholpolitikk og om innovative førebyggingsmetodar i Europa, lage og implementere kampanjar, kommunikasjon etc. Du vil med andre ord vie eit år til å gjere Europa meir rusfri.

Active skriv: Welcome to a year full of inspiration, new challenges and awesomeness. This is the very best opportunity for spending a year abroad and for working for and with the only youth sober movement in Europe. The EVS service would start in January 2017 and will finish in the end of December 2017.

Alle praktiske detaljar (språkkurs, forsikring, registrering, overnatting, transport) rundt opphaldet i Stockholm vil vertsorganisasjonen ta seg av.

Korleis søker du?

Send eit motivasjonsbrev og CV innan 25. september 2016 klokka 10 til hilde@activeeurope.org  og danijela@activeeurope.org og danijela@nordgu.net.
I motivasjonsbrevet er det fint om du reflekterer over kvifor du vil jobbe for akkurat Active og korleis det heng saman med ditt syn på verda. Intervjua vil skje på Skype mellom 26. og 28. september.

Avslutningsvis:

If you have any questions, please feel free to ask on office@activeeurope.org. You can get a better picture of the organisation, our work and the volunteers on www.activeeurope.org (under section office and blogs), as well as on www.nordgu.net. More about the EVS program can be found here: http://eacea.ec.europa.eu/youth/programme/action2_en.php.