Nyttårsfeiring med Juvente Haugaland

Gå til påmelding

31.12.2018

Sveio

Haugaland

2019 nærmar seg, og det same gjer spørsmålet: Kor skal eg feire nyttårsafta? Juvente Haugaland har svaret: med oss! Festen er alkohol- og rusfri og 18+. Det blir staseleg mat, triveleg stemning, moglegheit for brettspel, kviss og annan underhaldning, samt ABBAs Happy New Year på repeat dersom ingen protesterer.

På menyen står koldtbord. Dersom du er ekspert på ein koldtbord- eller tapasrett og vil bidra med den eller har ønske om kva som bør serverast, så gi beskjed! Det same gjeld dessert og knask.

Sei frå til Marie eller meld deg på i skjemaet her: https://goo.gl/forms/BH15CTdHBNbg14Ss1 dersom du vil komme, så me veit kor mykje mat me skal stelle i stand. Hugs å melde frå om du har allergiar eller andre medisinske tilstandar som bør takast hensyn til.

Facebook-arrangement: https://www.facebook.com/events/2201770116759031/

Har du idear til feiringa? Ikkje nøl med å dele dei, så prøver me å inkludere det i planlegginga.

Velkommen!

Marie Jahren Fludal – Juvente Haugaland

Kasserer
47028191
E-post