For deg som ikkje veit kva Active er, kjem først ein liten introduksjon om nettopp det. Active – Sobriety, Friendship and Peace er ein paraplyorganisasjon for ungdomsorganisasjonar som svarer til Juvente rundt omkring i Europa. Leiaren i Active denne perioden er sjølvaste Hilde Thoresen som mange kjenner frå Juvente i Noreg. Annakvart år blir det arrangert kongress i Active, og dessutan kan ein reise på sommarleir kvart år! Slik kan ein bli kjend med ulike europeisk kulturar og få venner frå rundt omkring. Spennande! Dessutan er det inspirerande å sjå at ungdommar andre stader i verda brenn for det same som vi gjer i Juvente.
Active er mykje som Juvente på europeisk nivå. Nå for tida er flyktningkrisa aktuell i Europa, og derfor var det passande med eit prosjekt som krinsar rundt dette temaet. Det er det Lifting Each Other Up handlar om. Som medlem i Juvente kan du bli med på seminar med Active, og det har tre juventarar gjort denne hausten!
Turen gjekk denne gong til Bassano del Grappa, ein by nord i Italia ein times togtur unna Venezia. Der budde om lag 40 ungdommar på eit hotell kor vi fekk lære om flyktningsituasjonen og dessutan om alkoholforholda i dei representerte landa.
Den første dagen gjekk med til å bli kjende med kvarandre og utveksle forventningar til seminaret. Gjennom ulike bli-kjend-leikar og gruppearbeid fekk vi lært nokre namn og litt meir innblikk i kva vi var samla for å drive med. I det så kalla prepteamet – ein slags praktisk komité – var det nokon som hadde erfaring med å jobbe med flyktningar og som mellom anna kunne lære oss at det var viktig å vere skeptisk til all statistikk på området. Derfor gjekk det mykje i å reflektere og diskutere med eit ope sinn.
Ein av dagane fekk vi besøk av medlemmar frå ein italiensk organisasjon som arbeider med rusbruk. Dei var mellom anna tidlegare rusavhengige som fortalde sine historier. Gjennom veka var det mykje gruppearbeid der ein skulle gå saman, arbeide med ei oppgåve og presentere det ein kom fram til for resten av deltakarane. Til dømes blei vi på eit tidspunkt samla i grupper etter land der vi skulle presentere alkoholprisar og liknande i heimlandet vårt.
Sjølv om programmet var temmeleg travelt og det stort sett skjedde noko heile tida, fekk vi torsdag ettermiddag fritid som vi kunne nytte til å besøke Venezia. Somme drog til Padova, ein annan by. Om kveldane var det ulik underhaldning, som «Game night» og «Movie night» og «International evening». Måltida inntok vi på ein restaurant i nærleiken, og det var typisk italiensk mat som stod på menyen til kvart måltid.
Hovudmålet med denne veka var å auke medvitet om flyktningar og integrering. Vi lærte om ulike steg i integreringsprosessen og arbeidde med korleis ein kunne ta fatt i arbeidet på heimebane. Til dømes kom vi fram til at det er lurt å etablere samarbeid med andre frivillige organisasjonar.
Alt i alt har det vore ei interessant og lærerik veke. Eg kan verkeleg anbefale eit engasjement i Active dersom du er interessert i ting som rører seg utanfor Noreg, eller om du vil ha venner frå ulike nasjonalitetar. Ta kontakt med meg dersom du er interessert i å vere med på ting i framtida!
Edru, vennleg og fredeleg helsing frå
Marie Jahren Fludal