Nyttårsfeiringa på Sjøstrand var eit tilbod til Juvente-medlemer og andre over 18 år. Totalt elleve fann vegen til Sørlandet denne helga, til ei helg full med god tid til prat og hugge, lange måltid og utmerka mat. Laurdag kveld var det nyttårsmiddag med både pynta hytte og deltakarar, og ved midnatt samla ein seg ved brygga med stjerneskot for å sjå på fyrverkeriet.
Forlenge medlemstida
Det gjekk ikkje mange minutt i det nye året før det var gjenoppstartsårsmøte for Juvente Alumni, som opprinneleg blei stifta i 2009. – Alumni skal vere eit tilbod til medlemer over 18 år, spesielt dei som etter kvart har gjort mykje av det ein kan gjere i Juvente, fortel nyvald lagsleiar Liv Hauge Norheim. – Målet er å ha det huggeleg saman, og ved å vere eit godt tilbod, forlenge medlemstida til dei eldre medlemene i Juvente.
Årsmøtet vedtok ein arbeidsplan for det komande året, der punkta blant anna var å få til regelmessig aktivitet i Oslo, sjå på høvet for Alumni-grupper i andre byar, bemanne nattkafeen under Solfaktor, ha god kontakt med unge vaksne i IOGT og DNT, og arrangere fjelltur og nyttårsfeiring (ikkje kombinert, presiserte arbeidsplanen). Styret består av lagsleiar Liv Hauge Norheim, sekretær Sara Hauge og kasserar Stian Seland. Aktivitetane i laget vil vere relativt laust organisert, og alle som vil er velkomne til å dra i gang ting om dei har gode idear.
Har du lyst på meir info om Juvente Alumni og aktivitetane deira? Besøk Facebook-gruppa deira.