3.-5. september var over 100 ungdomar samla på Kjellervolla skole på Lillestrøm for å verte leiarar i Fristil. Deltakarane kunne velje mellom fire linjer: Grunnkurs, VK1, VK2 og Bonus. Fristil-sekretær Liv Hauge Norheim er veldig glad for korleis helga vart: – Fol lærte masse, og miljøet var godt. Bonus-linja sette opp det nye teaterstykket som er ein del av det nye materiellet, og det var kjempespennande å sjå det i praksis, fortel ho.
Det siste året har Fristil gjort ei større revidering av materiellet sist, som vart presentert i ein heilt ny grafisk profil. – Me har fått mange innspel på korleis materiellet kan utviklast vidare, og dette vert kjempebra til kurssesongen startar, seier Liv. Ho kan melde at mange leiarar har sagt at dei kan ta kurs, men at det framleis er plass til fleire.
Travel sesong
Dette var den fyrste leiarskuleringa som prosjektleiar Camilla Bogetun Johansen var med på, og ho er veldig nøgd med helga. – Det vart fleire påmeldte enn det me hadde rekna med, stemninga var på topp, og me ser no veldig fram til ein travel sesong med mange gode, ivrige leiarar, seier ho. Camilla er særs spent på nye Fristil Aktivitet, som vert lansert seinare i haust saman med dei nye nettsidene til Fristil.
– Elles var det veldig huggeleg for meg å møte medlemsmassen. Det var ein veldig god leiarskuelering, og det er flott å sjå veldig kompetente menneske som kjem ut i andre enda.