Oslo, Akerhus og Østfold krets av Juvente omfattar for tida fire aktive lokallag og nokre aktivitetslag. Etter fleire år med eit lavere aktivitetsnivå enn ønskjeleg, vil kretsstyret no satse på å auke aktivitetsnivået og få fleire nye lokallag i kretsen. Som eit ledd i dette, utlysast det ei full stilling som kretssekretær.
Du som søkjer er ung (18-25), ansvarleg og sjølvstendig. Du har organisasjonsefaring på fleire nivå frå Juvente eller andre organisasjonar, og veit korleis du kommuniserer med og moviterer ungdom. Din primære arbeidsoppgåve vil vere i samarbeid med lokallag og kretsstyre å skape austlandets kulaste ungdomsaktivitetar og bidra til at det blir fleire nye medlemer og nye lokallag. Oppgåver tilknyta administrasjon av kretsen vil også vere tillagt stillinga.
Kretssekretæren vil ha base og kontorplass i lyse og fine kontorlokale i Torggata 1 i Oslo, saman med Juventes forbundskontor og andre samarbeidspartnarar på rusfeltet. Det må reknast med noko arbeidstid på kveldar og i helger, som kompenserast med avspasering time for time. Stillinga er ei forsøksordning og er eit 1 årig-engasjement med høve for forlenging.
Lønnsmessig er stillinga plassert i statens stillingskode 1070, sekretær, lønnsramme 10 og stillinga er ein del av Juventes gunstige pensjonsordning. Det forventast at søkjarar er, eller vil bli, medlem av Juvente. Oppstart etter avtale.
Spørsmål og søknad m/CV og attestar sendast kretsleiar Stian Seland på e-post stian.seland@juvente.no eller i posten til OAØ krets v/Stian Seland, PB 8909 Youngstorget, 0028 Oslo. Søknadsfrist: 10. juli.